nov 262012
 

Framstegspartiet og partnarane Senterpartiet og KrF gjev 350 000 kroner til drift av idretten når dei legg fram budsjettet sitt i morgon. I tillegg legg dei inn kommunen sin del av symjebassenginvesteringar i 2014.

 

Idretten ser ut til å verta den store vinnaren på budsjettet Framstegspartiet og Senterpartiet legg fram i morgon.

Idretten er ein av budsjettvinnarane når Framstegspartiet legg budsjettforlaget sitt på bordet i formannskapet i morgon. 350 000 kroner vert pumpa inn i driften av idrettslaga.

– Dette er heilt friske midlar, og kjem i tillegg til driftstilskot på idrettsbanar- og hallar, konstaterer ordførar Helge André Njåstad (Frp), som legg fram budsjettet sitt for 2013 saman med Senterpartiet i morgon.

Pengane skal fordelast av utvalet for skule og oppvekst, etter at idrettsrådet har fått innstilla til ein fordelingsnøkkel. Leiar for idrettsrådet, Runar Veivåg er i utgangspunktet særs positiv til at idretten får meir midlar.

– Så lenge dette ikkje er til erstatting for dei driftstilskota me allereie får, er dette sjølvsagt noko idrettsrådet er særs positivt innstilte til, kommenterer Runar Veivåg.

Ordførar Njåstad legg til at partiet hans lenge har ynskt å auka støtta den lokale idretten, som mønstrar utruleg mange austevollingar i frivillig arbeid. Han legg til at tilskotet samstundes vert til vinst av til det meir generelle kulturlivet, då meir av kulturmidlane vert frigjort når idretten får sin eigen pott.

Dei ni idrettsklubbane som er tilknytt idrettsrådet, organiserer til saman i underkant av 850 barn og ungdom mellom seks til nitten år (tal frå årsskiftet).

I tillegg kjem altså gladmeldinga om at kommunen set av 30 000 000 i investeringsbudsjettet sitt til symjebasseng i 2014.