des 042012
 

Austevoll-ordførar Helge André Njåstad blir lagt merke til. Avisa Kommunal rapport har nominert framstegspartipolitikaren frå øyane til utmerkinga Årets kommuneprofil.

 

Helge André Njåstad er kandidat til å bli årets kommuneprofil. Stemmer kan bli avgitt heilt fram til 7. januar 2013.

I konkurranse med fire andre kandidatar i kommunenoreg er ordførar Helge André Njåstad nominert til utmerkinga Årets kommuneprofil. Austevollingen, som trass sine 32 år har styrt kommunen frå ordførarkontoret i heile ni år, blir trekt fram grunna den lange prosessen med kvitta øyane med det akkumulerte underskotet: Gjelda kommunen drog på seg før hans tid ved å bruka pengar på driftsbudsjettet det altså ikkje var dekning for. I tillegg trekkjer avisa fram Njåstad sin aukande popularitet, trass alle kutta i budsjetta, og at han samstundes har vore ein aktiv mann i fylkespolitikken. Sjølv tek Njåstad kåringa med stoisk ro.

– For min eigen del tek eg det med ro, men det er sjølvsagt greitt med god PR til Austevoll, seier ordføraren som truleg vert stemt fram til sikker plass på Framstegspartiet si stortingsliste fyrstkomande laurdag.

Njåstad legg til at han stort sett driv det politiske virket sitt slik han har gjort dei siste ni åra, men at han har vorten meir lagt merke til på nasjonalplan etter han vart med i partiet sitt sentralstyre og etter sist kommuneval, då Austevoll Frp fekk størst oppslutting i landet av dei mørkeblå.

Njåstad konkurrerer med stemmene med Hilde Thorkildsen (arbeidarpartiordførar i Nittedal), Eivind Hansen (konstituert rådmann i Halden), Hallgeir Grøntvedt (senterpartiordførar i Ørland) og kommunelege Hege Raastad Basmo i Hamar.

Av Trond Hagenes

  One Response to “Kan bli årets kommuneprofil”

  1. http://www.kommunal-rapport.no/artikkel/nittedalordforeren_leder

    Njåstad ligger godt an. Stem videre