des 062012
 

Høgres Liv Bente Storebø ynskjer meir høve til opne diskusjonar om budsjett, og meiner ordførar Helge André Njåstad er for dominerande. Njåstad meiner han ikkje brukar meir tyngde enn han må.

 

Liv Bente Storebø meiner at det bør verta meir sakleg usemje og mindre banking i bordet når lokalpolitikarane diskuterer budsjett.

I fjoråret si handsaming av budsjettet til Austevoll kommune kom ordførar Helge André Njåstad med sterke karakteristikkar av Høgre sitt budsjettforslag. Total uansvarleg, og noko som ikkje ville blitt godkjent av fylkesmannen, var noko av det som vart stått  fast frå kommunestyret sin talarstol. Liv Bente Storebø, som er den i Høgre-gruppa som arbeider mest med budsjetta, synest det er ille å bli avfeia som uansvarleg.

– Me reagerte sterkt på det, og meiner framleis at me leverte eit budsjett basert på gode, gamaldagse analyseverktøy. No viser jo tala at me faktisk hadde rett òg, seier Storebø med adresse til mindreforbruket, som ser ut til å bli i området kring ti millionar kroner.

 

Tilbakeviser

Ordførar Helge André Njåstad poengterer at han har hatt kommuneøkonomien som hovudfokus etter på ha arva eit stort underskot frå tidlegare regime. Då kommunen trengde å kvitta seg med siste rest av underskot, måtte budsjettet for 2012 vera særs edrueleg.

– Eg var sikker på at fylkesmannen, som altså måtte godkjenna budsjetta så lenge me formelt var på ROBEK ikkje ville godkjenna eit 2012-budsjett med høgare skatteanslag. Meldingane frå fylkesmannen var klare på dette punktet, slår Njåstad fast.

Ordførar Njåstad meiner at det budsjettet kommunen har hatt som styringsverktøy i 2012 med mindreforbruk på om lag ti millionar er sjølve nøkkelen til at Framstegspartiet saman med Senterpartiet og Kristeleg folkeparti har kunna lagt fram eit ekspansivt budsjett med det Njåstad kallar ein klar visjon.

– Utan at me hadde bygd opp ein skikkeleg buffer for 2013, hadde me ikkje klart å leggja dette fram, seier Njåstad. Han viser til at formueskatten ved inngangen av 2012 var særs låg, og at dette fyrst gjev seg utslag i kommunen sine inntekter november neste år.

 

Usamd

Liv Bente Storebø, som til dagleg er konsernrekneskapssjef i Austevoll Seafood, forstår lite av kvifor fylkesmannen ikkje skulle ha godkjent budsjettet til Høgre. Ho understrekar vidare at det er essensielt å sjå lenger enn 2013 når ein tenkjer på den økonomiske framtida.

– Framstegspartiet har levert eit budsjett for 2013 som er veldig bra, men me må sjå på kor store lån me skal ta opp for å investera. Helst burde me ha makta å byggja opp ein buffer på ti millionar kvart år framover. Viss ikkje vert me veldig sårbare når renta skal opp.

Njåstad meiner på si side av rentehevingar ikkje vert like dramatiske for kommuneøkonomien, då pensjonspremiane automatisk fell når rentene er høge.

For den frie meiningsutvekslinga i kommunestyresalen ynskjer Storebø seg eit klima meir ope for diskusjon og sakleg usemje enn det partiet hennar har opplevd i budsjettsaker.

– Eg fryktar at tonen i budsjettdebatten kan gjera at folk kviar seg for å ta ordet, seier Storebø til Marsteinen.

Av Trond Hagenes