des 132012
 

Innbyggjarane i Austevoll har ein større auke på gjennomsnittsinntekta enn det som er normalen i Noreg. Og det er mennene som syt for dette. Nå er Austevoll nummer fem i Noreg.

Ei fersk oppdatering frå Statistisk sentralbyrå viser at gjennomsnittleg bruttoinntekt for personar over 17 år i Austevoll kommune er på 471 500 kroner for fjoråret. Dette er ein god del meir enn det norske snittet, som er på 376 300 kroner. Austevoll kommune hamnar på ein særs god femteplass på inntektstoppen for 2011, som tel alle dei 430 norske kommunane.

 Til topps

Bærum og Asker er vanlegvis på toppen av denne lista år etter år. Denne gongen har likevel vesle Kvænangen kommune i Nord-Troms teke fullstendig luven frå rikmannskommunane på Austlandet. I fylgje lokale medie var det tre personar som selde seg ut av ei bedrift, til særdeles god forteneste. Dei tre hadde over ein halv milliard kroner i netto inntekt i fjor, og med berre dryge tusen personar over 17 år, så blei brutto snitt-inntekt i kommunen på formidable 783 200 kroner.

Det viser i klartekst at gjennomsnittsinntekta ikkje nødvendigvis gir eit riktig bilete av inntektsnivået i ein liten kommune. Kvænangen gjekk frå 333. plass i 2010 til den suverene fyrsteplassen i år.

Austevoll er den kommunen i Hordaland med størst snitt på brutto inntekt. Deretter kjem Fjell med 401 700 kroner. Svakast ut kjem Ulvik og Modalen, der snittet er på dryge 321 000 kroner. I heile Hordaland er gjennomsnittleg bruttoinntekt på 383 600 kroner, som er opp 5,2 prosent frå året før. Det er Akershus som toppar fylkestabellen i Noreg, etterfølgd av Oslo og Rogaland. Svakast er Hedmark.

Utvikling siste år

I heile Noreg har gjennomsnittsinntekt (brutto) auka med 4,8 prosent. Dermed kan vi slå fast at utviklinga i Austevoll har vore ein del betre den siste året, all den tid utviklinga her viser ein auke på 7,2 prosent.

Kvinnene i Noreg har ei betre utvikling det siste året enn det mennene har hatt. Det var ein auke på fem prosent blant kvinnene i Noreg. Kvinnene frå Austevoll har derimot hatt ein nedgang på 0,6 prosent, så her yter ein ikkje mykje til denne utviklinga.

Dei norske mennene hadde ein auke på 4,6 prosent i fjor, mens mennene frå Austevoll hadde ein framgong på heile 10,8 prosent.

Ein gjennomgang av likningsåret 2011 viser at snittinntekta i Austevoll kommune er på 471 500 kroner. Snittet i Noreg er på 376 300 kroner. Foto: Yngve Johnsen

Yngve Johnsen, En-to-tekst