des 132012
 

Kvar fredag sluttar elevane på Austevoll vidaregåande skule klokka halv tolv. Men for dei som bur på Drøna-Kolbeinsvik strekket blir skuledagen tre timar lenger, då bussen ikkje går før nærare halv tre. Dette er ein av hjartesakene til ungdommens kommunestyre i Austevoll.

Robert Melingen, Amalie Strømme og Mona Hausberg har sett seg lei av at nokon elevar må venta lange timar i busskuret, når dei eigentleg har helg.