des 132012
 

Der andre har nytta bass og trommer, elektriske innretningar eller attpåtil rytmemaskinen i orgelet til akkompagnement har Åse alltid hatt eit kor rundt seg. Frå ho var fem år og synte songstemma si på bedehuset, like til i dag som dirigent og songinstruktør for Havfruene og Austevoll mannskor. Og om ho ikkje har kjent takksemda for eit livslangt engasjement i musikkverda før, så har ho no fått det svart på kvitt: Årets kulturpris i Austevoll går til Åse Solbakken.

Årets kulturpris i Austevoll gjekk heim til Solbakken og pianoet til Åse.