des 182012
 

Bilferja M/F «Trondheim» har vore ute av drift sidan eit høgtrykksdieselrøyr sprakk på turen frå Hufthamar til Krokeide på 07:25-turen. Skipper Harald Atle Drivenes om bord fortel at dei har i overkant av 40 passasjerar om bord, og at dei ventar assistanse frå ambulansebåten «Rygervakt» for å transportera nokre passasjerar til Flesland snøggbåtkai.

– Me har fått slep av «Marstein» lit lengre ut i Krossfjorden, og arbeider på spreng med å få ordna festet til dieselpumpa, slik at me får det i orden att, viss me ikkje får det til må me sjølvsagt slepast inn til Austevollshella for å få orden på problemet, seier Drivenes til lokalavisa klokka 09.30.