jan 042013
 

Austevoll er kommunen med det tredje beste næringslivet i landet. Dette viser nye tal frå NHO.

 

.

I konkurranse med alle landets kommunar, har næringslivet i Austevoll fått pallplassering, berre slått av rogalandkommunane Sandnes og Eigersund. Næringslivstopp Helge Møgster er ikkje overraska over at Austevoll er blant kommunane som gjer det bra.

– Austevollingane vågar å satsa, og dei tenkjer næring. Når du kjem med eit prosjekt, spør austevollingen kva dei kan tena på det. Andre spør seg heller kva ein kan tapa, seier Møgster, og poengterer at Vestlandet generelt gjer det bra i NHO sitt NæringsNM.

– Det er på Vestlandet ting vert skapt. På Austlandet berre flyttar dei på det.

 

Imponert

Rolf Jens Brunstad, professor i samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøyskole (NHH), har merka seg den store gründerkulturen i Austevoll. At dette er med på å få kommunen høgare opp i NHO si kåring, er han ikkje i tvil om.

– Ser ein lokalt på Hordaland, er det ein klar trend at det er i kystkommunane ein finn størst aktivitet i næringslivet. Dessutan er skipsfart, fiske og havbruk næringar med litt fart i, seier Brunstad, som sjølv har vore på synfaring i Austevoll med studentgrupper frå NHH.

– At ein så openberr utkantkommune har eit så friskt næringsliv, er særs positivt. Eg er imponert over kva dei får til i Austevoll.

Dette er niande gong Telemarksforskning utarbeidar NHO NæringsNM. I fjor hamna Austevoll på fjerde plass. Konkurransen er sett saman av fire ulike mål for næringsutvikling; lønsemd, nyetableringar, vekst og størrelsen på næringslivet.

 

Av May Linn Clement / Arkvifoto: Olav Endre Drønen