jan 102013
 

Etter at kommunepolitikarane godkjente reguleringsplanen for Måsadalen, er det duka for over 90 nye bueiningar ved Bekkjarvik. Austevoll utbyggingselskap gler seg.

Slik ser Austevoll utbyggingsselskap for seg Måsadalen. Prospekt: Tippetue arkitekter.

 

I fyrste omgang er det opna opp for 15 bustadar i det ferdigregulerte bustadfeltet i Måsadalen, som ligg ovanfor Fagerbakkevatnet i retning mot Kongsafjellet.

– Området har ei rekkje kvalitetar, ved å vera nært skule, idrettsplass og sentrumsfunksjonar i Bekkjarvik, slår duoen Geir Bergflødt og Ingvar Lauvik i Austevoll utbyggingsselskap fast. Utbyggingsselskapet, som òg ser på å utvikla stadar som Nautøy ved Bakkasund på ein liknande måte, peikar på at mange kvalitetar er tekne vare på i området. Kulturminne frå farne tider og tørrmurde steingardar er døme på dette. Samstundes er det teikna inn eit høve for ein strandpromenade kring vatnet, som i utgangspunktet kan forvandlast til ei perle. Lauvik og Bergflødt innrømmer at utslepp frå septiktankar per i dag skjemmar noko av idyllen.

 

Attraktivt

Straks er dei klare med eit prospekt som dei vonar kan lokka både austevollingar og andre til å etablera seg her.

– Austevoll kan vera spesielt attraktivt for dei som arbeider på Sandsli eller Kokstad. Kort kjøretur til ferja, ein avslappande ferjetur og køfri kjøring til jobb er attraktivt når du samanliknar med dei trafikale problema over Sotrabrua, smiler Bergflødt, som veit kva køkjøring til jobb er.

Dessutan er nye bustadar påkrevd dersom den nye fiskerihamna på Salthella, der utbyggingsselskapet òg spelar ei rolle, viser seg å utløysa nyetableringar og nye arbeidsplassar.

 

Geir Bergflødt og Ingvar Lauvik i Austevoll utbyggingsselskap synest arbeidet med Måsadalen-feltet var vore ei fryd.

 

Alternativ

For at heile feltet i Måsadalen skal kunna realiserast, må feltet få på plass ei meir permanent vegløysing, der det enno vert grunna på beste løysing som kan bli godgjent av vegstyresmaktene. Inntil vidare vil feltet kunna nytta ein smal veg som går opp like ved Bunnpris-butikken og opp i Ingjaret før han endar ved dei øvste høgdene i Måsadalen. Infrastruktur som vatn og avlaup må òg endeleg plasserast.

Blant dei over 90 bueiningane som er teikna inn, finst ikkje berre einebustadar, men òg tomannsbustadar, rekkjehus og leilegheiter.

– Det er viktig å tilby fyrstegangsetablerarar alternativ til einebustadar til fire-fem millionar kroner, konstaterer Bergflødt og Lauvik, i utbyggingsselskapet som er deleigd mellom Austevoll kraftlag og Austevoll kommune.

 

TrH

 

 

Bt2: Geir Bergflødt og Ingvar Lauvik synest at prosjektet med bustadar på Måsadalen har vore ei sann fryd å arbeida fram.