jan 112013
 

Etter årelang kamp om å få erstatta tapa etter kongeørneåtak på villsaulam, fekk John Inge Vik endeleg full erstatting for tapa i fjor: 36 lam og ein sau. Prislapp: 91 856 kroner.

John Inge Vik driv med villsauhald i relativt stor skala på Fitjarøyane. Etter årelang kamp vann han i fjor fram med krava sine knytt til tap knytt til kongeørna.

 

Det er Bergens Tidende som bringer nyhenda om at austevollbonden, som har store delar av sauane sine på beite i Fitjarøyane får den rekordstore erstatninga frå storsamfunnet. Seniorrådgjevar Stein Byrkjeland hos fylkesmannen i Hordaland grunngjev kongeørnerstattinga med at Vik har dokumentert skadane godt, og at tapa er meir omfattande. Magnus Johan Steinsvåg, òg hos fylkesmannen, konstaterer at det er eit kongeørnepar i Fitjarøyane som har spesialisert seg på å ta sau.

Noko fellingstillating kjem likevel ikkje på tale, kjem det fram frå Bergens Tidende sin artikkel. Særleg grunna kystlyngheia, der øyane er underlagde ein handlingsplan.

– I ein slik naturtype må du ha plass til villsauen, samstundes som me då veit at me lagar eit matfat for kongeørna, seier Byrkjeland.