jan 182013
 

.

Årets ryttar i Fana sykkeklubb 2012 vart Roger Dale frå Austevoll, og skal ein tru medtrenar Knut Bøe er klubben i ferd med å fyllast opp av austevollingar.

Prisen vert utlevert til den ryttaren som har utmerka seg mest, ikkje berre på resultat, men òg haldning, treningsvanar og lagspelarevna. Styreleiar i sykkelklubben Georg Reidarsen har berre godord om austevollingen.
– Det er ein prestisjetung pris å få, dette her. Roger har synt ei særs høg vilje til å fylgja treningsopplegget i tillegg til å ha omsut for lagspelarane.
Trenar Bøe stadfestar utsegna, og han får dagleg rapportar frå gps´en til Dale på ruter, distansar og tempo.
– Han er flinkaste guten i klassen, og gjer alltid leksene sine. Programmet vert fylgt til punkt og prikke.
Trenaren trur at Dale fint kan byrja i eliteklassen mellom dei beste om han held fram som han gjer no, og ser at tolmodet til ungguten vil koma han veldig til gode når han skal byrja å bryna seg mot gigantar som Tore Hushovd.

 Bensin i motoren

– Det er ein stor motivasjon å få ei slik utmerking. Eg har hatt to gode år med framgang og hard trening, så dette gjev meg giv til å halda fram, fortel årets ryttar sjølv. Han tykkjer det er jevt å verte trena av autoritetar som har produsert mange gode ryttarar tidlegare, og er ikkje framand for Bøe sitt mål om å koma med i topp fem på lagtempo-tevlinga i år. Der er det tre på lag som vekslar på å ligga framme og hala dei to andre med seg i dragsuget, så utifrå omdømet til austevollingen skulle det verta ein enkel biff.
– Mitt eige mål er å kunne vinna eit krinslaup til neste år, og slik som treninga fungerar på meg no trur eg det skal gå, reflekterer Dale.

 

BT: Roger Dale er ein syklist å halda auge med frametter.