jan 242013
 

Bekkjarvik og Marstein fyr er på programmet til Festspillene i Bergen i år, der dei flyttar delar av den klassiske musikken ut i nærområdet. Festspilldirektøren er imponert over staden og dei lokale eldsjelene.

Festspilldirektør Anders Beyer (t.v.) er overstraumande positiv til å etablera Austevoll og Marstein fyr som satellitt til Festspillene i Bergen. Til høgre ordførar Helge André Njåstad.

Festspilldirektør Anders Beyer (t.v.) er overstraumande positiv til å etablera Austevoll og Marstein fyr som satellitt til Festspillene i Bergen. Til høgre ordførar Helge André Njåstad.

Siste helga i mai inntek Festspillene i Bergen Austevoll, som dei har valt til ein av særs få satellittar. Pianist og kjendis Wolfgang Plagge og lokal operastjerne Lina Johnson er blant trekkplastra som skal lokka austevollingar og tilreisande til ei klassisk musikkoppleving. Festspilldirektør Anders Beyer er i fyr og flamme etter besøket sitt i Austevoll i november, der superlativa sat laust. I tillegg til den obligatoriske vitjinga i Bekkjarvik, stod òg Marstein fyr i glitrande seinhaustsvêr på programmet. Dansken forklarar kvifor Austevoll vart ein av få utvalde satellittar til Festspillene.

– I Bekkjarvik fann eg menneske som har den same ambisiøse ånda som me har i Festspillene: Me skal vera best innanfor området vårt. Slår me saman fleire område i verdsklasse får me sjelsettande opplevingar, seier den relativt ferske festspilldirektøren, og peikar på Bekkjarvik i kulinarisk samanheng. Han understrekar at det er når ein tenkjer utradisjonelt at ein kan utvikla seg særleg.

Godorda frå Beyer stoggar ikkje der.

– Dei siste elleve månadane har eg reist kring i Europa og hatt fleire enn 100 reisedagar. Møtet med Bekkjarvik og menneska der, står att som noko av det som har berika meg mest, konstaterer han.

 

Festspillirosehagen_vinter

Vibeke Møgster og Inge Halstensen ser fram til å bytta ut markfrost og stille med grønkande hagar og klavér og fiolinkonsert i slutten av mai.

 

 

Æra i Bekkjarvik

Inge Halstensen, i mange samanhengar omtala som væreigar i Bekkjarvik, synest det er overmåte kjekt å bli plukka ut av Festspillene.

– Det var Anders Beyer som ringde oss, og me tek det som ei stor ære å bli funne verdige av Festspillene, seier Halstensen. Han ser allereie for seg flygel- og fiolinkonsert i rosehagen sin, og supplerer med at Bekkjarvik allereie har gjort seg positive musikalske røynsler med det klassiske musikkuttrykket då Bergen unge symfoniorkester spelte i Hengjo for nokre år sidan.

Repertoaret er blitt til i dialog med Festspillene, og lokal musikkompetanse var rådspurd.

– Det er viktig at det er attkjenning når ein går på klassisk konsert, seier Vibeke Møgster og Inge Halstensen nikkar samd. Dermed blir det mellom anna Griegs kjente slåttar i rosehagen i Bekkjarvik, medan det på kvelden vert messingblåsarar i uniform når Sjøforsvarets musikkorps tek for seg mellom anna Händels Water Music og Griegs Stormfull natt. Passande at forsvarsmusikantane er kledde i sjøforsvaret sine gallauniformar når tematikken er såpass maritim. Austevoll si eiga operastjerne Lina Johnson får òg lufta på stemmebanda saman med korpset.

Sundagen vert det friluftskonsert på Marstein fyr med Austevoll mannskor og militærkorpset.

Festspilldirektør Beyer seier at dei har valt å ta utgangspunkt i det velkjente, og at ein seinare kan vurdera om ein kan ta fatt på ei reise lenger inn i ukjente himmelstrok saman.

 

Vidareføring

I Bekkjarvik vonar dei at Festspillene vel å ha eit årleg arrangement i havgapet.

– Me legg oss i selen, det må me verkeleg seia, slår Inge Halstensen fast.

Og Anders Beyer slår fast at det er ein moglegheit.

– No leikar me seriøst saman. Dersom partnarane og publikum synest at resultatet er tilfredsstillande må me diskutera å halda fram samarbeidet, avsluttar direktøren for knutepunktfestivalen, som òg har til mål å dela ut kunnskap og kompetanse til andre aktørar på Vestlandet.

 

Av Trond Hagenes