jan 252013
 

Det islandske kystvaktskipet «Tyr» tok onsdag austevollingen «Manon» i arrest etter at inspektørar avslørte underrapportering av lodde ringnótaren.

Manon

«Manon» vart teken i arrest av det islandske kystvaktfartøyet «Tyr» etter å ha underrapportert loddefangsten sin. Reiarlaget er førebudde på å betala bota.(Arkivfoto).

 

– Islendingane har heilt rett, det vart gjort eit kast på lodda som viste seg å vera for stort og valet til skipperen var å ta lasta om bord, eller å sleppa ut det som var for mykje, seier reiar Inge Halstensen. Han innrømmer at skipperen, som ringde reiarlagskontoret for råd, underrapporterte fangsten. Reiaren trur underrapporteringa dreiar seg om meir enn 100 tonn. På innrapporteringa heitte det 600 tonn.

– Normalt ville det ha vore eit anna fartøy lasta kunne pumpast vidare til, men det var det ikkje her. Feilrapporteringa skjedde i ein stressande situasjon, og me må berre godta bota me heilt sikkert får, kommenterer reiar Halstensen.

«Manon» vart teken inn til hamna Eskifjörður etter at underrapporteringa vart avslørt, skriv den islandske kystvakten i ei pressemelding på heimesida si.