jan 312013
 

Då Fylkesmannen i Hordaland kom over ei annonse på finn.no der eit naust søkte ny eigar, var meldinga til kommunen klar: Dette er ikkje eit naust, dette er ein fritidsbustad.
I papira til kommunen var området i Bjelland regulert til naust med bryggje, og mellom det opphavlege byggjeløyvet i 2011 og til august i fjor meinte fylkesmannen at det hadde skjedd ei bruksendring ut i frå bileta og skildringa i salsannonsen.
Moglege fylgjer av lettveggbyggjinga i Bjelland kan verta å rive dei ned att for å føra bygget attende til det som det opphavleg var gjeve løyve til