feb 072013
 

RoyIngePersen
Roy Inge Persen studerer siste år med nautikk på Austevoll tekniske fagskule. No kan tilbodet verta svekka eller forsvinna, alt ettersom korleis ein les sakspapira til fylkeskommunen. Persen synest lite om trekket til fylkeskommunen.
Tidlegare student Martha Eidsnes skryt av skulen og kallar han den beste ho nokon gong har gått på.
– Det er galskap om skulen blir lagt ned, seier ho til Marsteinen.