feb 072013
 

OrjanJohannessen

200 poeng mindre enn i europameisterskapen, utan nokon god grunn. Ørjan Johannessen forstår framleis lite av resultata frå VM, og vurderer revansje.

Ei veke etter Bocuse d’Or i Lyon ristar Ørjan Johannessen framleis på hovudet. Han meiner at den gode maten vart servert til dommarane, og det ikkje finst gode nok argument for at han hamna utanfor pallen.
– Innsatsen var 100 prosent. Me gjorde ingen faktiske feil som skulle indikera ein poengsum som vart om lag 200 mindre enn i EM. No forsøkjer me å få ut poenggjevinga frå dommarane, slik at me kan leggja grunninga vår daud, seier Ørjan Johannessen. Han spekulerer i stort poengtrekk for å ha skåre i indrefileten, men enno er det mange og store uløyste spørsmål. I tillegg vart det gjennomført ei rekkje regelendringar i konkurransen frå EM i Brüssel til VM i Lyon

Vurderer revansj
Ein ting er likevel klart. Austevollingen vurderer å stilla opp på nytt, og setja skåpet der det bør vera.
– Eg blir revansjesugen. Den eine dagen har eg lyst til å stilla opp igjen, den neste ikkje. Uansett kjem det an på om eg får laget med meg vidare, understrekar austevollingen. Det er likevel mykje arbeid som skal til for å nå til Lyon igjen. Fyrst må Ørjan kvalifisera seg via å vinna årets kokk, deretter må laget gjennom det nokså vide nålauga i europameisterskapen, før verdsmeisterskapen står for døra igjen.
Ørjan, som flyttar attende til Bekkjarvik i løpet av våren, tek likevel eit oppgjer med regelendringane i konkurransen. Vektlegginga av etniske ingrediensar fell urettferdig ut.
– For det fyrste er konkurransen tilpassa den franske mattradisjonen, og for det andre gjev det land som har ein sterkare mattradisjon enn oss, slik som Japan, eit fortrinn. Ein burde dessutan berre ha 24 internasjonale dommarar, ikkje ti ekstra franske tilleggsdommarar. Konkurransen bør rett og slett dreia seg om kven som lagar den beste maten, seier Johannessen til lokalavisa, før han skryt storleg over mottakinga han fekk i Austevoll.
– Det verka nesten som fiskeprisen hengde like høgt som gullet, smiler meisterkokken.

Trond Hagenes