feb 142013
 

Sigrun
Skal du halda eit bryllaup, ein konfirmasjon eller dåp, finn du alt du treng til festen i Austevoll.

På sundag lagar lokale aktørar innan selskapsplanlegging og –utføring messe på Storebø. Ideen var det blomedekoratør Sigrun Blindheim som kom opp med.
– Eg ville visa kva me kunne laga av bukettar, bordpynt og liknande, og kontakta Sissel Fagerbakke med idé om ei messe.
Damene høyrte med andre aktørar i bransjen, og fekk positive svar frå alle.

Trend med lokale aktørar
Blomar, mat, musikk, fotograf, stylist – ja, det aller meste ein treng til ein fest, finn du lokalt. Det er dét dei vil få fram i messa Festmeny Austevoll, der 15 lokale aktørar stiller.
– Skal du gifta deg, er brudekjolen det einaste du ikkje får kjøpt i butikk her ute, seier Sigrun og ler. Ho har sett ein trend dei siste åra, med at folk meir og meir ynskjer å nytta seg av lokale verksemder.
– Folk kjem til og med reisande til Austevoll for å feira store dagar her. Difor er det lurt å kartleggja tilboda våre.

Presentera heilskapen
Med rundt seksti konfirmantar, like mange barnedåpar og fleire titals bryllaup i året, synest Sissel Fargarbakke at marknaden for ei messe på plass. I tillegg kjem alle jubilantane som skal feirast.
– Messa er ei form for marknadsføring, der aktørane treff kundane andlet til andlet. Ein får vist seg fram på ein heilt anna måte enn ved ei annonse, seier Sissel.
Under messa vil det vera dekka fleire bord med både servise, bordkort, songhefte og dekorasjon frå lokale bedrifter. I tillegg vert det musikkinnslag og moteshow.
– Det er viktig å presentera ein heilskap rundt festen, og visa at me aktørar kan samarbeida oss imellom, avsluttar Sigrun.

May Linn Clement