feb 152013
 

_DSC5780
Brenning av nokre gamle kassar i ein hage, resulterte i grasbrann i Bjånesøy på føremiddagen i dag.
– Eg var sikker på at bålet var utbrend då eg gjekk inn att. Då eg såg ut, hadde det byrja å brenna i lyngen like bortanfor, fortel mannen som brende kassane til Marsteinen. Han fekk straks meld i frå til det lokale brannvesenet, som var raske med å koma til staden.
Ei hytte stod lenge i fare for å verta råka.
– Me heldt fokus på hytta denne hytta, som hadde brannen tett opp i seg. Flammane stoppa 2-3 meter frå hytteveggen, fortel John Levi Weløy brannsjef i Austevoll.
10-15 mål ulent terreng vart offer for grasbranne.

Brannen vart slokka med vatn og brannsmekker.

Brannen vart slokka med vatn og brannsmekker.

  One Response to “Her starta brannen”

  1. No må ein slutta med all denne unødvendige bossbrenninga snart. Me har ein velfungerande SIM-stasjon som er ope kvar einaste veke – bruk denne neste gong. Kvifor skal «halve» Storebø kveikje i eit bål kvar gong sola stikk nasen sin fram??