feb 212013
 
Tilboda på Austevoll vidaregåande skule vert ivareteke også i framtida, òg på studiespesialiserande der årets studentar Amalie Dorthea G. Strømme, Anastasija Poliakova Halvor N. Møgster og Lars Kristian Eidsheim set seg inn i pensum.

Tilboda på Austevoll vidaregåande skule vert ivareteke også i framtida, òg på studiespesialiserande der årets studentar Amalie Dorthea G. Strømme, Anastasija Poliakova Halvor N. Møgster og Lars Kristian Eidsheim set seg inn i pensum.

Når fylkesutalet samlast til møte i dag, vert det klart at alle tidboda ved Austevoll vidaregåande skule held fram. Koalisjonspartia Frp, Høgre og Venstre syt dermed for tverrpolitisk semje om å bevara skuletilboda som i dag.

 

– Koalisjonen med Framstegspartiet, Høgre og Venstre har konkludert med at Austevoll vidaregåande skule får halda fram med dei same studietilboda som i dag, seier Framstegspartiet sin gruppeleiar i fylkestinget Terje Søviknes. Dermed vert det ikkje noko av dei dramatiske kutta av studiespesialiserande, elektrolina, helsefag og akvakultur som skulebruksplanen legg opp til.

Verna om ungdomstilboda

– Fyrst om fremst ligg omsynet til ungdommen i Austevoll til grunn for avgjerda vår. No slepp dei i stor grad dagpendling eller hybelbuing, seier Søviknes. Han legg til at når det opna seg opp løysingar for andre skular i både Nord-Hordland, Hardanger og Bergen i tillegg til Sunnhordland, vart det enklare å sjå nærare på behova til Austevoll.

Høgre sin gruppeleiar i fylkestinget Mona Røsvik Strømme er heilt på line med alliansepartnaren sin.

– Det er òg viktig for oss å støtta opp under studietilbod som er attraktive for jentene, slik som studiespesialiserande, seier Røsvik Strømme til Marsteinen. Ho legg til at det ikkje har vore økonomien som har vore avgjerande i prosessane knytt til skulebruksplanen, men ynskje om å skapa meir robuste pedagogiske miljø.

– Dette omsynet har me vege opp mot andre, og i Austevoll er det avgjort viktig at ungdommen kan bu heime eitt år lenger, seier høgrepolitikaren.

 

Nøgd Njåstad

Ordførar i Austevoll og medlem av fylkesutvalet i Hordaland Helge André Njåstad (Frp) er strålande nøgd meg at den vidaregåande skulen er berga, men understrekar at austevollingane bør vera lokalpatriotiske og velja skulen på heimeøyane når dei søkjer på vidaregåande utdanning.

– Når tilboda no er berga for overskueleg framtid, trengst det at austevollingane støttar opp om skulen sin og søkjer seg dit, seier Njåstad, som i går var på ungdomsskulen og informerte blivande vgs-elevar om stoda i fylkespolitikken.

Framstegspartiet sin gruppeleiar Terje Søviknes konkluderer med at det lokale engasjementet har vore utslagsgjevande for at fleirtalspartia i fylkestinget kom til konklusjonen om å oppretthalda dagens tilbod i Austevoll.

– Det lokale engasjementet med Helge André Njåstad i brodden og dei klare meldingane frå næringslivet gav til slutt resultat, seier Søviknes. Venstres Mona Hellesnes seier seg samd i dette.

– Næringslivet har vore flinke å spela inn moment til oss, slår ho fast.

 

Av Trond Hagenes