feb 212013
 
"Gardar" på veg mot Danmark med den fyrste komulefangsten sin i år, på 1 900 tonn. Foto: Olav Endre Drønen.

«Gardar» på veg mot Danmark med den fyrste komulefangsten sin i år, på 1 900 tonn. Foto: Olav Endre Drønen.

«H. Østervold» og «Gardar» er blant austevollbåtane som har fylt opp trålposane sine på ein-to-tre båt fiskefelta sørvest av Irland, akkurat som i dei gode, gamle dagane.

– Det er som dynamitt, og trålen vart fylt opp på tre minutt. Det er heilt på høgde med dei gamle toppåra på felta, seier skipper på «H. Østervold», Carl Henrik Østervold, til Marsteinen. Fangstane er teke mellom EU-sona og internasjonal sone, like sør for 51. breiddegraden, 130 nautiske mil sørvest for Porcupinebanken.
Jarle Gridhaug, som er skipper om bord i fiskeskipet «Gardar», synest òg at fiskeria er gode. Tysdagskvelden fylte fartøyet tråla medan Marsteinen er på telefonen.
– Fiskeria er gode. Me fylte opp 1 000 tonn på måndag, men så stakk fisken over i EU-sona, så me måtte gå eit stykke for å treffa på nye dottar, seier Gridhaug. Både vêr og andre fangsttilhøve har vore gode, men det er dryge turar for å koma fram til felta.
– Førre fangsten leverte me i Danmark, og då var det fire døger å gå for å levera, konstaterer kaptein Grindhaug.

Asdicen til "H. Østervold" viste store mengder komule. Alt rosa er fisk, medan den rosa rundingen er sjølve tråla.

Asdicen til «H. Østervold» viste store mengder komule. Alt rosa er fisk, medan den rosa rundingen er sjølve tråla.

God mjøl- og oljepris
Hos sildelaget stadfestar salsleiar Kenneth Garvik den gode utviklinga på fangstsida, men prisane er gjerne ikkje like mykje å ropa hurra for.
– Betalinga for å levera til konsum har vore nede i 1,80 per kilo, medan ein ved levering til mjøl og olje ligg rett ved to kroner kiloet, seier salsleiaren. Det betyr at flåten i stor grad tek sikte på å fylla trålposane sine snarast råd og levera smikklasta båtar. For dei alle fleste austevollbåtar er 1900 tonn maks lastekapasitet, og med fullstrukturert båt treng du berre knappe to turar til fiskefelta for å gjera deg ferdig.
Einaste utfordringa for augneblinken er kva dottane med den vesle torskefisken er å finna.
– Er det ein strek teikna i havet, kan du vera heilt sikker på at fisken sym på «feil» side, seier Kenneth Garvik. Skipper Østervold på Hådn seier det same. Fisken var å finna i EU si sone då dei sette kursen mot Egersund, der dei vil starta lossinga av kolmula si i kveld.
Østervold legg til at kvotane på kolmula godt kunne vore større, spesielt sidan forholda i for òg var like gode.
– Me håpar på ein auke i kvotane, seier Gridhaug avsluttingsvis.

Trond Hagenes