feb 282013
 

IMG_0723
Heile Austevoll kan få status som Typisk turiststad. I praksis betyr dette av butikkane kan ha sundagsope i månadane mai-august.

Austevoll kommune har søkt fylkesmannen om å verta ein såkalla typisk turiststad. Eidfjord kommune fekk ein slik status for ei tid tilbake, noko som medførte at rådmann Rolf Eivind Nøstdal og ordførar Helge André Njåstad (Frp) straks gjekk i dialog med handel- og servicenæringa på øyane.
– Det er fleire austevolingar som arbeider innanfor dette området enn det er fiskarar. Dette er ei gruppe me gjerne vil leggja til rette for, kommenterer ordførar Helge André Njåstad. Han legg til at det vert arrangert ei rekkje festivalar og andre arrangement som trekkjer mykje folk. Å ha sundagsope desse helgane kan for auka omsetnaden mykje, meiner Njåstad.
Eigar av Bekkjarvik torg, strategisk plassert ved ein av kommunen sine gjestehamner, Inge Halstensen er ikkje like overtydd.
– Eg har rett og slett inga peiling på kva sundagsope kan ha å seia for omsetnaden. Dei flinke kremmarane i torget meiner at det er mange turistar som kan nytta seg av eit slikt tilbod, og eg trur at for mange handelsfolk i Austevoll kan sundagsope vera eit spørsmål om vidare eksistens eller ikkje, seier Halstensen.
Høyringsfristen til fylkesmannen går ut i dag.

TrH