mar 012013
 

I dag vart det kjent at Aleris AS er vinnaren av anbodet om drifta av helse- og omsorgssektoren i Austevoll kommune.

POsenterSK

I grunngjevinga si skriv kommunen at dei to anboda låg tilnærma likt i kvalitet, men at Aleris låg lågast i pris i forhold til den andre leverandøren, Attendo.
Geir Lægreid, som er administrerande direktør i Aleris omsorg AS, forklarar at konsernet har gode prosedyrar knytt til verksemdsoverdraging, og at dei ser fram til at kommunestyret fattar det formelle vedtaket om to veker.
– Me er veldig audmjuke overfor oppgåva, men legg opp til at dette skal bli suksesshistorie for kommunen, dei eldre, andre brukarar og dei tilsette, seier Lægreid, som ynskjer å gje god informasjon til alle som vert involvert i verksemdsovertakinga. Allereie dagen etter det formelle politiske vedtaket ynskjer direktøren å møte bebuarar ved pleie- og omsorgsenteret, leiarar og tillitsvalde i systemet.

Vil ikkje klaga
Regiondirektør i Attendo, Kari Tøsse, seier at selskapet har bede om ei betre grunngjeving frå kommunen enn det fyrste skrivet dei fekk i hende, men at dei ikkje vil klaga på avgjera.
– Eg tolkar det slik at me vart for dyre, men at me hadde noko betre kvalitet enn Aleris, seier Tøsse til Marsteinen.

Storleiken på kontrakten vert ikkje offentleg før den formelle saka kjem på politikarane sine bord. Fyrste handsaming er i utval for helse- og omsorg 12. mars, og deretter i kommunestyret 14. mars.