mar 072013
 
Lite fløyte å skumma for økomat i Austevoll.

Lite fløyte å skumma for økomat i Austevoll.

Austevollingane har enno ikkje trykt økologiske matvarer til brysta sine. Butikkane som har prøvt seg, kviar seg med å ta inn Debio-merka varer.

Marsteinen har denne veka saumfart butikkhyllene på øyane etter økologiske produkt. Ser ein bort frå den obligatoriske posen med økologiske havregryn og eit og anna strøprodukt, er det oppsiktsvekkjande få produkt med Debio-merke i daglegvarehandelen. I fullassortementsbutikken i Bekkjarvik torg, innrømmer dagleg leiar Knut Ove Dale at omsettinga av økologiske matvarer ikkje har teke av.

– Det er eit sterkt fokus på låge prisar i daglegvarehandelen dei siste åra. Det gjev seg òg utslag i at dei fleste kundane vel bort eit dyrare økologisk produkt, seier butikksjefen. Han legg til at kjeden han tilhøyrer har ein del Debio-merka mat i basissortementet, men at dei sjeldan tek inn økologiske varer som dei ikkje er pålagde. Ofte har resultatet vore at dei har brent inne med varene dei tok inn.

– Til dømes selde me mykje økologisk agurk, men det var før kundane vart merksame på at dei tok med seg det dyraste produktet. Etter ei stund vart økoagurken liggjande attende.

 

Ikkje dyrare

Ved Rimi Storebø er ikkje butikksjef Mareno Skogseth samd i at varene som er Debio-merka er dyrare.

– Samanliknar ein vanleg lettmjølk med økologisk mjølk, er faktisk sistnemde billegare. Skilnaden er 12,90 for det økologiske produktet og 14,10 for det regulære, seier butikksjefen, som likevel har måtta innsjå at marknaden er for liten i Austevoll.

– Då me tok over butikken førre sommar forsøkte me oss med ein god del økologiske produkt, men fekk ikkje det salet på dei som me trengde, seier Mareno Skogseth, som vonar at kundane opnar augo for kvalitetsvarane med Debio-merket på.

På Rema 1000 fortel Dag Nordstrand at det ikkje har vore særleg etterspurnad etter økologiske produkt. Han òg trur at det har samanheng med at forbrukarane assosierer dei med høgare prisar.

– Me kan heller ikkje ta inn varer, der me risikerer å måtta kasta store delar av dei. Så store driftsmaginar har me rett og slett ikkje, seier den daglege leiaren ved butikken på Sentrumsbygg.

 

Sunt

Matvarer som er merka med Debio-merket er produserte utan bruk av kunstgjødsel eller plantevernmiddel. Undersøkingar viser at desse matvarene, som økologisk frukt og grønt utmerkar, seg med høge verdiar av antioksidantar, og at animalske produkt har stor verdi av omega-3. Kjøt og mjølk frå beitedyr er dessutan rik på den fleirumetta feittsyra CLA, som kan stimulera forbrenning av feitt.

Kuriøst nok er det 465 vinterfôra sauer og lam, 369 utegangarsauer. ni ammegeiter og seks bukkar og ungdyr i det austevollske jordbruket, som altså har krav på Debio-merket når dei ein gong eventuelt kjem i kjøtdisken, kan ein lesa av statistikken på Debio si heimeside.

Av Trond Hagenes

 

Bt: Økologiske produkt sel slett ikkje godt i Austevoll, med enkle unnatak. Her er ei handlekorg frå ein av butikkane som har eit lite utval.