mar 142013
 

eno109-016-MF
Ein kan kjenne det på pulsen at det nærmar seg, John Olav Nilsen og gjengen er eit av trekkplasterbanda som er bekrefta til årets festival. Nilsen har med sine tre album på lika mange år, bevist at han er ein av landets sterkaste låtskrivar. Den siste plata, den eneste veien ut, som blei sleppt i september, gjekk rett inn på andre plass på VG-lista og selde som dei tidlegare skivene, til gull. Laurdag 1. juni tek han med seg gjengen sin til Austevoll for å servera rå gatepoesi i gamle prestegardshagen. Festivalsjef Håvard Brekke Haugland, er særs nøgd med å endelig håva inn storfisken frå Loddefjord.
– Me har prøvd å få han og gjengen til Havfest dei siste tre åra. Det var no eller aldri så då køyrde me på. John Olav og gjengen er eit av dei store banda som syng på norsk.
– Når ein har sett og høyrt dei live på konsert, blir ein frelst av det unike utrykket og den uredde og mystiske vokalisten. Det kjem til å bli høg allsangfaktor, seier den stolte festivalsjefen.