mar 182013
 
oppblussing

Brannen blussa oppatt, men brannsjef John Levi Weløy melde om kontroll i 20-tida i kveld.

 

I kveld har brannen på Selbjørn blussa oppatt på Rabbafjellet. Brannvesenet har ei handfull menn som driv sløkking og kontroll.

– Det har blussa oppatt der brannen opphaveleg starta. Akkurat no er me ikkje særskilt urolege fordi brannen trekkjer opp dit vegetasjonen uansett er utbrend, seier John Levi Weløy på telefon litt over klokka 20 i kveld. Likevel har han mannskap på plass, som vil halda heile området under oppsikt utover kvelden.

Brannsjefen er letta over at vinden har løya utover ettermiddagen og kvelden.

 

Tidlegare på dagen

– Me har kontroll på dei vanskelege områda, det vil seia skogen ned mot Djupavågen og husa ned mot Steinevika. Desse farane er no avverga, seier brannsjef John Levi Weløy til Marsteinen like før klokka 18. Der det framleis brenn har brannsjefen mykje mannskap, og kan vidare bli assistert av mannskap frå kystvakten.

Frå før har brannmannskapa altså hindra brannen i å nå granskogen ved Djupevågen, der brannen ei stund såg rett så dramatisk ut. Weløy seier at dei ikkje har vore tilgjengeleg helikopter til å hjelpa til med brannsløkkinga.

Samstundes har brannmannskapa måtta handskast med ein mindre brann på Søndre Drivenes og ein brann i eit bussvrak ved det gamle sagbruket på Eido.

Foto: Marlene Toft