mar 212013
 
Per Henning Gjuvsland ved grava til veslebror Heine, 23 år etter ulukka som kosta livet hans.

Per Henning Gjuvsland ved grava til veslebror Heine, 23 år etter ulukka som kosta livet hans.

Blodet dunkar ut av armen til Per Henning Gjuvsland. Ved sidan av seg i veggrøfta ligg veslebroren Heine, bleik og forslått. Bortanfor står bilvraket. 116 kilometer i timen kostar livet til 13-åringen.

Hjulet kjem ned i grøftekanten – og farten er stor. Per Henning Gjuvsland (22) har nettopp kjørt forbi ein annan bil på vegen frå Bekkjarvik til Kolbeinsvik, og den toårgamle hondaen får sleng på seg. Ved sida hans sit veslebror Heine (13), som snart er ferdig med det fyrste året sitt på ungdomsskulen.

– Held deg fast, ropar Per Henning når han innser at bilen kjem til å krasja i berget.

I 120 kilometer i timen vert det ein brå stogg, etter at køyretøyet er blitt slengt mellom bergveggane.

Les meir av denne gripande historien på papir eller PDF.