mar 222013
 
Reddar
Endå ein brann er under sløkking denne veka, denne gongen på Stolmen mellom søre Årland og Årlandsvågen. Reningsarbeidarane har nett fått kontroll over brannen, men veit framleis ikkje kva som er årsaka.

– Det kan vera eit glasskår, det kan vera påtend eller andre årsaker. Foreløpig har me kun konsentrert oss om å få sløkt brannen, seier brannsjef John Levi Weløy. Politiet på staden har heller ikkje noko oversikt over hendingsforlaupet, men trur brannen har byrja i nord og spreidd seg sør og vest. Weløy er letta over at skogholtet som brannen utvikla seg i ikkje fatna, og at dei fekk stogga han før dei store granene hadde trappa opp faren.

– Brannen i Bekkjarvik før i veka trur ikkje eg gjekk så nære omkrinsande bygg, fortel politibetjent Thomas Eriksen. Han karakteriserar brannen som ein middels – mot stor brann, med omlag 300 meter i lengde og 100 meter i breidde.

– Det er synd at det vert meir brannar no som det har vore så mykje eksempel og tale i media i det siste. Om folk er uvisse på brannreglar, så kan dei berre gå til nettsidene til kommunen eller facebook-sida vår.
Eriksen er i alle høve nøgd med at det er mykje fiskarar i Austevoll, for dei frivilluge er det ikkje mykje å utsetja på.

– Her møter me gamle og unge, smiler brannsløkkar Karl Sigurd Årland midt i røykkavet.

Brannen spreidde seg sørover og fatna godt i tørr lyng.

Brannen spreidde seg sørover og fatna godt i tørr lyng.

I fylgje politiet kan Austevoll prisa seg lukkleg for heimkomne fiskarar som Anders Rune Njåstad.

I fylgje politiet kan Austevoll prisa seg lukkleg for heimkomne fiskarar som Anders Rune Njåstad.