mar 312013
 

F0tball: Inge André Rabben og lagkameratane ser fram til å visa heimepublikum kva dei har arbeidd med på treningsleiren i Tyrkia. Trenar Trond Fredrik Ludvigsen undestrekar at dei har arbeidd mykje med defensive daudballar før måndagens cupoppgjer mot Kopervik.

Tord Harald Skår er ein av spelarane som er klar for dyst, og som hadde fin innsats mot Os i førre kvalikkrunde. (Arkivfoto).

Tord Harald Skår er ein av spelarane som er klar for dyst, og som hadde fin innsats mot Os i førre kvalikkrunde. (Arkivfoto).

– Gutane er veldig klare for kamp etter ei god treningsveke i Tyrkia, seier fjorårskaptein Inge André Rabben. Den rutinerte midtbanespelaren seier at taktikken med to defensive midtbanespelarar er i ferd med å setja seg.

Sjefen på sidelina, eksproff Trond Fredrik Ludvigsen, innrømmer at han ikkje har særleg kjennskap til Kopervik, men at det føre morgondagens kamp er om å gjera å halda fokus på kampen og arbeidsoppgåvene. Trenaren blir lett filosofisk når han snakkar om fotballen laget hans skal spela, men føreseielege dét skal AIK aldri verta.

– Me har massevis av kreative fotballspelarar, og dei skal få lov til å vera det innanfor gitte ramer: Der dei kan teikna det bilete dei vil, seier trenaren med ein sjeldan fotballmetafor. Nokre oppspelsmønster finst likevel i leretsamlinga til den oransje gjengen.

Motstandar Kopervik vann vintercupen på Haugalandet for eit par veker sidan, og har gått igjennom forsesongen utan tap. Til informasjon spelte karmøybuane med same formasjon som AIK har drilla inn over vinteren: 4-2-3-1. Austevoll vann begge oppgjera i serien i fjor, med 4-0 på heimebane som beste resultat.