apr 012013
 

Kopervik trengde straffespark og hjelp frå tverrliggjaren for å slå Austevoll ut av cupen. Elles var kampen sjansefattig, men Frode Storebø brende to store sjansar i ekstraomgangane.

Tord Harald Skår har nettopp brent ballen i tverrliggjaren, og Kopervik går vidare i cupen. Tidlegare hadde Skår lagt til rette for eit anna utfall av kampen, men kantkollega Frode Storebø bomma på magasjansen i andre ekstraomgang.

Tord Harald Skår har nettopp brent ballen i tverrliggjaren, og Kopervik går vidare i cupen. Tidlegare hadde Skår lagt til rette for eit anna utfall av kampen, men kantkollega Frode Storebø bomma på magasjansen i andre ekstraomgang.

AIK gav tidlegleg bort eit straffespark i dagens kamp mot Kopervik. Kopervik-spissen vart drege i trøya av Christer Bjånesøy og det var lite å seia på at Vegard Sætre gav gjestane leiinga. Oransjetrøyene produserte nokre fine sjansar, mellom anna ved Trond Heggestad som òg vart heldt i trøya då han var på veg igjennom (denne gongen utanfor boksen) og ved Kristoffer Østervold som trefte innsida av stolpen etter eit praktåtak.

Stort sett hadde likevel Kopervik uventa god kontroll på austevollingane, og etter pause vart det ein stillingskrig, der Tord Harald Skår si kule var ein av dei få sjansane. Trond Heggestad falt i duell om returen, men det var nok ikkje straffespark. Då AIK heldt trykket oppe tredde ein heldig Håvard Vassnes ballen igjennom til Skår, som plasserte ballen til side for Koperviks solide sisteskanse og kaptein Rune Solhaug.

Ekstraomgangar!

Den fyrste ekstraomgangen vart eit stort gjesp, medan den andre gav to store sjansar til Frode Storebø. Den fyrste hadde han regien på sjølv, men plasserte ballen hårfint utanfor lengste stolpen. Den andre var ferdigscora frå Tord Harald Skår, men på mystisk vis og mutters åleine på lengste stolpe blei innlegget ein slags tunnel på den gode kantspelaren Storebø. I andre enden trudde Mesay Abebe Urge at han hadde scora på ein retur frå Aga, men vart vinka av for offside.

I straffekonkurransen bomma mellom andre Trond Heggestad og Kurt Hovland på sine spark, men det gjorde òg Jakobsen og Haringstad. Dermed stod det 4-4 etter at fem spelarar frå kvart lag hadde teke sine spark. På sudden-death runden vart til slutt ein av dagens beste AIK-arar den som slukøyra måtte konstatera at tverrliggjaren stod i vegen. Tord Harald Skår bomma på det siste og avgjerande straffesparket.

Av Trond Hagenes