apr 112013
 
Eit belte av lyngbrann strekk seg like frå Stenevik til sjøen ved Raudebergtåa på Selbjørn

Eit belte av lyngbrann strekk seg like frå Stenevik til sjøen ved Raudebergtåa på Selbjørn

Endå ein brann har kome ut av kontroll i Austevoll, men denne gongen har brannvesenet gjeve løyve til brenninga.

Etter avtale med branntenesta i Austevoll vart ein liten brann stifta på Selbjørn på torsdags morgonen. Brannvernleiar John Levi Weløy forklarar at stiftarane sjølv tok kontakt med branntenesta og bad om ein sløkkebil, men då hadde allereie brannene fatna godt i lyngen.
– Me har hatt 14 mann ute på sløkking her i dag, og no er brannen under kontroll der han truga bygningar. «Rygervakt» har gått rundt neset og sikra frå sjøen, forklarar Weløy til Marsteinen frå utkiksposten like ved Stolmabrua der tilskodarar har samlast heile dagen for å sjå øydelegginga. For brannen er langt i frå over på Selbjørn, og rasar framleis over Raudebergtåa mot sjøen. I fylgje Weløy vil brannen stogga med det om vinden held retningen.
– No skal brannen få brenna seg ut, og dei ansvarlege vil halda vakt i natt.

Ikkje berre gale

Brannen vart stifta for å utbetra beitet til vilt og husdyr, og sett på den måten har han vore særs vellukka. Men Raudebergtåa og vatna like ved er bustad til andre òg, som til dømes ørna.
– Me fekk fleire uroingsmeldingar tidlegare i dag om ørn og andre truga fugleartar som har vorte observert i hekking den siste tida, men vanlegvis er det seinare på året at det treng fred og ro, reflekterar brannvernleiaren.
Det ser i alle høve ut til at det vert ferdigrøykt fisk å finna i Stolmasundet lenge frametter.

Brannen spreiar seg mot sjøen, og vil i fylgje brannvernleiar John Levi Weløy brenna seg sjølv ut.

Brannen spreiar seg mot sjøen, og vil i fylgje brannvernleiar John Levi Weløy brenna seg sjølv ut.