apr 122013
 
Brannen spreiar seg mot sjøen, og vil i fylgje brannvernleiar John Levi Weløy brenna seg sjølv ut.

Slik såg brannen ut frå Stolmen i går kveld. Foto: Marius L. Fimland.

Fire kvadratkilometer utmark vart råka av bråtebrannen som kom utav kontroll på Selbjørn i går.

Grunna totalforbodet som vart lagd ned mot brann i utmarka etter den omfattande brannen på Rabbafjellet i mars, fekk grunneigarane som i går brende på Selbjørn fyrst avslag på søknaden sin.
– Eg svara nei på søknaden om lyngsviinga i mars, med skreiv at det vart opna for brenning når risikoen avtok, seier brannsjef John Levi Weløy til Marsteinen. Etter all snø og nedbøren førre helg, vart totalforbodet oppheve, og Weløy gav tysdag beskjed om at grunneigarlaget fekk brenna på torsdag.
I fylgje avtalen, skulle 300-400 mål bli brent. Omfanget vart 4,3 kvadratkilometer

Klokka 04.30 i dag tidleg var mesteparten av den omfattande bråtebrannen over. Brannsjef John Levi Weløy forlèt staden klokka 20.30 i går kveld, medan anna mannskap var på vakt utover natta.
Storbrannen var nummer sju i ei rekkje av gras- og lyngbrannar brannmannskapet i Austevoll har rykka ut til så langt i år. I alt har mannskapet hatt utrykking til 18 brannar i 2013.