apr 172013
 
Hovudverneombod Nils Ove Sørvik, tillitdvald Karsten Eriksen og site manager Rune Kolbeinsvik er djupt skuffa og rivande usamde i avgjerda om å leggja ned tavleproduksjonen i Austevoll.

Hovudverneombod Nils Ove Sørvik, tillitdvald Karsten Eriksen og site manager Rune Kolbeinsvik er djupt skuffa og rivande usamde i avgjerda om å leggja ned tavleproduksjonen i Austevoll.

20-25 arbeidsplassar forsvinn når det britiske Rolls-Royce-konsernet legg ned tavleproduksjonen i Kolbeinsvik. Dagleg leiar Rune Kolbeinsvik seier opp jobben som som svar, medan dei tilsette ikkje forstår at lønsame arbeidsplassar vert flagga ut.

 

Det er ein krevjande internasjonal marknadssituasjon som gjer at Rolls-Royce-leiinga har bestemt seg for å flytta produksjonen frå Austevoll, opplyser kommunikasjonsdirektør Anette Bonnewie Wollebæk. Dette vil berøra mellom 20 og 25 arbeidsplassar av totalt 67 ved verksemda i Austevoll, som har produsert skipstavler i 41 år.

I Kolbeinsvik har dei visst at konsernet har vurdert strukturar i tavleproduksjonen, men tillitsvald Karsten Eriksen og hovudverneombod Nils Ove Sørvik forstår lite av konklusjonen til leiinga i Storbritannia.

– Me veit at arbeidsplassane er lønsame, ordrebøkene er fulle og dei som arbeider med tavlene veit kor gode produkt dei leverer. Det er umogleg å forstå avgjerda til konsernleiinga, samstemmer Eriksen og Sørvik.

Les resten av saka på trykk i morgon