mai 102013
 

 

Christine Skjelvik og Dylan Kaki bak disken på den nye arbeidsstaden.

Christine Skjelvik og Dylan Kaki bak disken på den nye arbeidsstaden.

 

– Eg veit ikkje om eg ville teke fatt i utbygginga av senteret om det ikkje hadde vore for at me då kanskje fekk eit apotek, sa Inge Halstensen i tala si før den offisielle apotekopninga onsdag.

Det hang tre flagg utanfor Bekkjarvik torg på onsdag. Eitt for frigjeringsdagen, eitt for senteret sin 26 årsdag og eitt for opninga av apoteket, som har teke dei siste ledige kvadratmeterane i torget. Det er ikkje noko lite apotek som er kome, heller.

– Når det fyrst kjem eit apotek, skal det vera bra, sa apotekar Christine Skjelvik. Ho fortalde vidare at filialen i Bekkjarvik ynskjer å tilpassa seg dei lokale forholda når det kjem til vareutval. Slikt har ikkje dei store kjedene høve til.

Apoteket har òg eit samtale-/diskresjonsrom, der kundane kan snakka med og spørja dei tilsette om råd.

– Eit slikt rom er ekstra viktig på mindre stadar, då det er stor sjanse for at du kjenner ein person i nabokøen, sa Skjelvik. For det er ikkje berre sal dei tilsette vil hjelpa kundane med.

– Me sit på mykje kompetanse, og folk er hjarteleg velkomne hit og få informasjon. Me håpar å verta ein naturleg del av helsevesenet, der folk kan spørja oss om råd før dei går til legen.

 

Tre austevollingar

kake

For utan apotekar Skjelvik og reseptárfarmasøyt Dylan Kaki er dei tre fast tilsette apotekteknikarane Kjersti Skotnes, Malin Dåvøy og Natalie Tøkje frå Austevoll. Skotnes har pendla til by-sida i ei årrekkje, og synest det er midt i blinken at tida ho brukar til og frå arbeid er redusert med over to timar.

– Det er rett og slett luksus. I tillegg er det spennande med ein heilt ny arbeidsplass, i eit så fint lokale. Utvalet her er langt større er mange av apoteka i Bergen, sa Skotnes medan ho skar opp stykke av bløytekaka som var laga i høvet.

Like innanfor døra stod Anny Elisabeth Wold, Inga Madsen og Ingebjørg Solsvik og nytte eit kvar sitt stykke.

– Dette er kjempeflott. No slepp me reisa til by’n om me plutseleg treng noko frå apoteket, sa Ingebjørg. Inga meiner òg at dette har vore ei sakna mangelvare i Austevoll.

– Så er det jo alle tiders at det er kome til Bekkjarvik, avslutta selbjørningen Anny Elisabeth smilande.

 

Av May Linn Clement