mai 162013
 

002
Full oversikt over tid og stad på alle 17. mai-arrangementa rundt om i Austevoll, finn du i dagens Marsteinen.
Uansett kvar du skal, hugs å ta kamera med deg! Marsteinen ynskjer lesarane sine 17. mai-foto, og av alle bileta me set på trykk trekkjer me ut ein vinnar som av eit gåvekort på 1 000 kroner. Send inn bileta dine i så god oppløysing som råd til redaksjonen@marsteinen.no så snart du har teke deg inn att etter all rømmegrauten. Seinast tysdag 21. mai kl 12.00.

Biletet øvst vart sendt inn av Rolf Kristian Våge etter nasjonaldagsfeiringa på Bakkasund i 2011.