jun 062013
 

johan og rasmus

Det var med blanda kjensler Gjertrud og Erik Kalvenes for to månadar sidan fekk beskjed om at vesleguten deira Rasmus (20 mnd) har den sjeldne diagnosen Kleefstra syndrom.
– Det var både ei letting og ei sorg då me fekk svaret. Ei letting fordi me slapp å vera usikre lenger, og ei sorg fordi det no var sikkert at Rasmus ikkje var som andre. Eg tenkjer ofte på korleis framtida hans vert.
Marsteinen var med då Rasmus for fyrste gong møtte eit anna barn med same diagnose, Johan på snart tre år.