jun 272013
 

Havbruket skrik etter meir kompetanse. På Frøya har ein energisk rektor ved den vidaregåande skulen sikra eit senter for denne utviklinga. Bjørnar Johansen trur Austevoll kan kopiera oppskrifta hans.

 

Energiske Bjørnar Johansen smitta tilhøyrarane med entusiasmen sin for havbruksnæringa. Ordførar Helge André Njåstad (Frp) kan med inntreden på Løvebakken verta ein nøkkelmann for å driva fram ein marint kompetansesenter.

Energiske Bjørnar Johansen smitta tilhøyrarane med entusiasmen sin for havbruksnæringa. Ordførar Helge André Njåstad (Frp) kan med inntreden på Løvebakken verta ein nøkkelmann for å driva fram ein marint kompetansesenter.

– Havbruk må opp frå å vera basert på erfaring til å bli kunnskapsbasert. Til det treng me meir utdanning, og eit Fiskeri- og kystdepartement som tek ansvar, seier Bjørnar Johansen. Rektoren ved Frøya vidaregåande skule brenn for det blå fagfeltet, og konstaterer at det vert utdanna altfor få oppdrettarar frå VG2 akvakultur i landet. Behovet er 24 fulle klassar, medan realiteten er ni.

– Eg kjenner ein mellomleiar på 25 år som har ansvar for verdiar på 400 millionar i anlegga sine. Det er klart at du treng innsikt både biologi og økonomi for å ivareta dette. Og då etterspør konserna medarbeidarar med utdanning, konstaterer Johansen.

NTNU

Austevoll vidaregåande skule ynskjer å blesa liv i dei gamle planane om Senter for fiskeri- og havbruk, som tidlegare ordførar Knut K. Kalvenes vart ein av flaggberarane for. Johansen meiner at det trengst eitt regionalt kompetansesenter for havbruk i Nord-Noreg og eitt i vår region. I hans system er samarbeid med NTNU, Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet, viktig i utviklinga av dei kloke oppdrettshovudane.

– På 30 år har det nesten ikkje vore produktutvikling i oppdrettsbransjen. Set ein det på spissen er det einaste som har skjedd at anlegga har vorte større, seier Johansen. Han trur at samspelet med NTNU og forskingsmiljøet på Sintef er gull verdt for Frøya sitt senter. I vårt område er Universitetet i Bergen ein naturleg samarbeidspartnar, i tillegg til havforskinga, som har senteret sitt for marine oppdrettsartar nærast vegg-i- vegg med skulen.

 

Eiga kvote

Noko av det Austevoll vidaregåande skule bør setja i gang med snarast, er å søkja auka konsesjon for oppdrett. Dette gjev ikkje berre gode effektar på det pedagogiske arbeidet, men kan òg auka pengestraumen inn til kompetansesenteret skulen ser for seg.

– Med dagens prisar vil ein konsesjon på 780 tonn kunna gje mange millionar ekstra inn i kassa, glødar Johansen vidare.

Nøkkelen for å lukkast med å etablera eit senter og rekrutteringa til næringa er politisk påverknad. Skulen må spela på lag med lokale og regionale politikarar, og samstundes spela inn trongen for at havbruk må satsast på ikkje berre av fylkeskommunane, men løftast tilbake til å verta eit nasjonalt satsingsområde med departementet for fiskeri og kyst i førarsetet.

 

av Trond Hagenes