jun 282013
 
Nye "Haugagut" blir bygd ved danske Karstensens Skibsværft A/S i april 2015.

Nye «Haugagut» blir bygd ved danske Karstensens Skibsværft A/S i april 2015.

Haugagut har tinga ny fiskebåt. Nybygget vil vera klart om dryge to år, og i mellomtida vil kvotane til fartøyet verta fiska av «Storeknut». Haugagut vert det fyrste austevollske reiarlaget som tingar fiskebåt av velrenomerte Karstensens i Skagen.

– Både pris, men ikkje minst kvalitet har vore avgjerande for oss når me har vald Karstensen, seier dagleg leiar i Haugagut-reiarlaget Stig Østervold til Marsteinen. Karstensen har i tillegg levert sju pelagiske fiskefartøy dei siste to åra, og austevollingane har vore på gjentekne synfaringar på fiskebåtar danskane har bygd.

Stig Østervold fortel at kvaliteten på nybygga frå Skagen er oppsiktsvekkjande god, og at noko av grunnen er at Karstensen har integrert skipsdesignavdeling ved verftet. «Haugagut» blir søsterskip til «Herøyhav» og danske «Astrid».

Fakta «Haugagut»

Verftsnr 426

Lengde: 69,95 m

Breidde: 15 m

Djupn shelterdekk: 9,2 m

Hovudmotor: MAN 6L32/44 CR efekt: 3 600 kW

RSW-anlegg: MMC, 2 x 1150 kW

Vakuumanlegg: MMC 4 x 66 kW/2 x 4200 l-tank.