jun 292013
 
Trond Heggestad reiv og sleit i Brodd-forsvaret. Her vinn han straffespark, som han sjølv scorar 2-0-målet på.

Trond Heggestad reiv og sleit i Brodd-forsvaret. Her vinn han straffespark, som han sjølv scorar 2-0-målet på.

Trond Heggestad attende i scoringshumør og eit aggresivt heimelag gav 4-2 til pause i dagens heimekamp mot Brodd. Ein tidleg forsvarsblunder etter pause førte Brodd heilt opp i ryggen til austevollingane, som ikkje klarte å avgjera kampen før Frode Storebø glimta til og serverte Tord Harald Skår dagens store spelar Trond Heggestad med det fjerde målet sitt. Sluttresultatet: 6-3. Dermed kan oransjetrøyene ta ferie med ei god kjensle, trass i å vera tabelljumbo.

I tillegg til Heggestad markerte Inge André Rabben seg med enorm innsats før pause, medan Frode Storebø var tilbake i godt gamalt offensivt strok. Trass i tre baklengst var òg keeper Aga vaken i kampen.