jan 182011
 

To personar er sendte til Haukeland sjukehus med lettare skadar etter at bilen dei var i raste ti meter utfor ein veg i Kolbeinsvik i kveld.
Brannsjef i Austevoll, John Levi Weløy, seier til bt.no at dei har fått opplysingar om at det var ved ei parkering at motoren ruste opp att, giret gjekk i revers og bilen braste utfor skråninga. Hadde ikkje bilen blitt «redda» av ein låve etter ti meter, kunne ferda ha gått nok ti meter og enda i hovudvegen. Bilen vart fjerna med kranbil.
Det er ikkje mistanke om promillekjøring.