jul 042013
 

Bulyst_utdeling
FULLVERSJON: Politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet Sigrid Brattabø Handegard (Sp) hadde med seg ein million kroner til Bulyst-prosjektet i Hordaland, der Møkster er ein hjørnestein, då ho vitja Austevoll.
– Me har fått inn mange søknadar, men vel å støtta dei prosjekta der det er driv og lokalt initiativ, seier den politiske rådgjevaren då ho overrekte sjekken på ein million til partikollega og fungerande ordførar Edvard Johannes Stangeland. Han supplerte med at partiet hans har fått gjennomslag for ei rekkje hjartesaker i samarbeidet med Framstegspartiet, der Bulyst og ei sterk satsing på utkantane i kommunen er gode døme på dette.
– Partiskilleliner frå den nasjonale politikken viser seg ofte å ikkje vera spesielt relevante i lokale samanhengar, her ser me ofte at det er meir avhengig av einskildpersonar og breitt samarbeid, kommenterte Brattabø Handegard som hadde teke dagsturen frå Kvam for å dela ut midlar.
Møkster delar midlane med samarbeidsprosjekta på Fjellbergøy, Espevær og Hugo.

Renate Møgster Klepsvik (Frp), fungerande ordførar Edvard Johannes Stangeland, kommunestyrerepresentant Lars Knut Årland og politisk rådgjevar i samferdselsdepartementet Sigrid Brattabø Handegard kunne glisa breidd over gåva på ein million kroner til Bulyst på øyane Møkster, Hugo, Espevær og Fjellbergøy. Ein ekstra null vart ført på sjekken etter dette biletet vart teke!