jul 112013
 

lynet start
–Eg har så lyst å vinna. Eg har ingen pokalar frå før av, seier Elias Skage (7) der han står og trippar og ventar på sin tur til å fyka nedover den bratte sklia og koma seg fortast mogleg til blåsa i vågen.
Den årlege fiskefestivalen er reine folkefesten i Kvalvågen. Krona på verket er det åtte modige sjeler som står for, i den underhaldande Ta sjansen-tevlinga.