jul 112013
 

forskarar02

FULLVERSJON: Grøngylten og levemønsteret hans. Orda er som musikk i øyro for tre unge forskarar ved Havforskingsinstituttet.

Det er mange spørjeteikn til korleis den mest fiska leppefisken i kommunen lev, reproduserar og lokaliserer seg. Dette vil Kim Halvorsen, Tonje Knutsen Sørdalen og Torkel Larsen frå Havforkningsinstituttet si avdeling i Flødevigen i Arendal finna ut meir om, og byrja i går ei omfattande analyse av leppefisken grøngylt, lokalt kjent som helleklakk, i Austevoll.
– Då det ikkje er så lenge sidan fisken vart interessant for næring, er det ikkje gjort for mykje forsking på han tidlegare, seier doktorgradsstudent Kim Halvorsen.
Det er i området rundt Marholmen ved på Haukanes at den største delen av forskinga vil gå føre seg. Her vil dei fiska opp grøngylten, merka dei med kvar sin unike chip, føra opp kjønn og lengd for så å sleppa fisken attende på same stad.
– Det er viktig at me ikkje forstyrrar systemet meir enn naudsynt, difor tek me ikkje fisken vekk frå staden, forklarar Halvorsen.
Gjennom forskingsprosjektet vonar dei å mellom anna få svar på kor stor bestanden er, berekna den naturlege dødlegheita og finna ut i kor stor grad grøngylten er lokalitetsbunden.
– Merking er ei god og avansert form for teljing og kartlegging av fisk. Resultata vil vera mykje meir verd om forskinga får gå føre seg i fred for anna fiskeri, seier Tonje Knutsen Sørdalen. Difor oppmodar Havforskingsinstituttet lokale fiskarar til å unngå bruk av faste fiskereiskapar i området.

Fleirtal av snikarar?
Grøngyltar har to ulike typpar hannar, vanlige hannar og dei såkalla snikarane. Snikaren ser ut som ein hofisk, mellom anna ved å vera mindre enn hannane, men har eigenskapane til ein hannfisk, og legg mjølke og ikkje egg. Veit ein ikkje kva ein skal sjå etter, er det difor lett å forveksla snikaren med ei ho. Snikaren lurer til og med hannfisken, som er den einaste av dei tre kjønna som byggjer reir og held sidan vakt for egga til hofisken. Når snikaren kjem til reiret, trur hannen at det er ei ho som kjem for å legga meir egg, og slepp luringen forbi. Trygt inne ved egga, befruktar snikaren dei, og stikk av garde att.
– Grunna lengdekravet oppdrettsnæringa har til grøngylten, fryktar me at fleire ekte hannar vert plukka ut, medan snikarane vert kasta tilbake i sjøen. Ein av hypotesane våre som forskinga vil gje svar på, er altså at det vert fleire snikarar enn ekte grøngylthannar i havet, seier Knutsen Sørdalen.
Forskingsteamet vil halda fram med merkinga til over helga, men resultat av prosjektet kjem fyrst til neste år. Då vil dei igjen gjera fiske i same område, for å sjå om dei får att nokre av fiskane som vert merka i desse dagar.

område austevoll3

I det markerte området rundt Havforskingsinstituttet sine lokal, vert det no forska på grøngylten. Instituttet oppmodar folk til ikkje å fiska med ruser og teiner i forsøksområdet.