aug 012013
 
John Levi Weløy i brannvesenet i Austevoll understrekar at det trengst ny tankbil for å sikra tidleg innsats ved brann. Denne bilen er etter 24 år på vegen mest å rekna som ein museumsgjenstand.

John Levi Weløy i brannvesenet i Austevoll understrekar at det trengst ny tankbil for å sikra tidleg innsats ved brann. Denne bilen er etter 24 år på vegen mest å rekna som ein museumsgjenstand.

Med 24 år på akslingane, er tankbilen til brannvesenet moden for brannteknisk museum. Fleire sjåførar har reservert seg frå å køyra han. Brannsjefen ber om ny bil til neste år.

 

– Tankbilen er heilt avgjerande for effektivt sløkkingsarbeid dei fyrste 15 minuttane når me kjem til ein brannstad, seier brannsjef John Levi Weløy til lokalavisa. Per i dag er situasjonen at fleire av sjåførane i det frivillige brannkorpset rett og slett ikkje tør å setja seg bak rattet på det gamle kjøretøyet, som har strukturelle skadar i ramma.

Brannsjef Weløy forstår godt korleis mannskapa hans ser på saka, men konstaterer at køyretøyet har fagleg ettersyn på verkstad to gongar i året.

– Seier bilmekanikarane at bilen er trygg, må me ha det som utgangspunkt. Likevel kan me ikkje halda fram å bruka hundretusenvis av kroner til vedlikehald av eit gamalt og såpass dårleg køyretøy, seier Weløy. I samband med budsjettet for 2014 argumenterer brannsjefen difor for at det er tvingande naudsynt å skaffa rom for ein ny tankbil, kostnadsrekna til om lag tre millionar kroner.

I desse dagar vert pumpa til tankbilen reparert, med eigen kompetanse, i eit forsøk på å halda kostnadane på det gamle materiellet på eit lågmål inntil nytt materiell vert kjøpt inn.

Bilen vart i si tid kjøpt inn frå brannvesenet i Bergen, som i fullt alvor ynskjer bilen attende til det branntekniske museet sitt når han omsider vert teke ut av teneste.

 

 

Av Trond Hagenes