aug 152013
 

 

Bt: Mona Hellesnes fekk oppleva Austevoll frå godsida, her med næringslivets Inge Halstensen og ordførar Helge André Njåstad. Foto: Hordaland fylkeskommune.

Bt: Mona Hellesnes fekk oppleva Austevoll frå godsida, her med næringslivets Inge Halstensen og ordførar Helge André Njåstad. Foto: Hordaland fylkeskommune.

Venstres fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes tek med seg dei lokale innspela i den vidare prosessen med å gje austevollingane eit betre ferjetilbod.

 

Mona Hellesnes fekk sjå Austevoll frå godsida då ho vitja Austevoll i førre veke. Samferdsle og næringsliv stod høgt på agendaen.

– Det er klart at standarden på ferjene er noko me må kunne gjera noko med, spesielt å gjera dei meir miljøvenlege, seier venstrepolitikaren, som slår fast at det er ved utlysinga av neste anbod at kravspesifikasjonane må koma på bordet.

– Me har allereie diskutert dette politisk, og vil leggja opp nokre overordna målsettingar for alle ferjesambanda fylkeskommunen har ansvar for, kan Hellesnes fortelja. Om austevollingane uroar seg over fylkeskommunen sine finansielle musklar i høve til ferjedrift eller vedlikehald av vegar, meiner ho at dette spørsmålet må opp på eit rikspolitisk nivå, og viser til at dette er utfordringar som alle fylkeskommunane delar.

Austevollordførar Helge André Njåstad (Frp) er særs nøgd med vitjinga frå Venstre sin fylkesvaraordførar.

– Dei politiske signala tolkar eg positivt. Frå fleirtalet i fylkesutvalet har me peika på trongen for nyare materiell, og opplever fylkeskommunen som veldig imøtekomande, seier Njåstad og legg til at det same var tilfellet ved anbodskonkurransen på snøggbåtar der resultatet vart strålande.

Fylkesvaraordførar Hellesnes lovprisar i same slengen konserten på Marstein fyr i helga, der ho var til stades og representerte Hordaland fylkeskommune.

– Austevoll kommune viser her òg at dei får mykje til i samarbeid med lokale eldsjeler og fylkeskommunen, konstaterer ho.

 

Av Trond Hagenes