sep 102013
 
Gamle "Vendla " tok inn vatn i maskinrommet i dag tysdag.

Gamle «Vendla » tok inn vatn i maskinrommet i dag tysdag.

«Vendla II», den gamle fiskebåten til reiarlaget Vendla AS, tok i dag inn vatn i maskinrommet. Båten ligg til kai i Torangsvpgen, og brannvesenet er travelt opptekne med å tømme maskinrommet for vatn.

– Det pågjekk ikkje arbeid om bord og me veit ikkje kva lekkasjen skuldast, kommenterer Morten Njåstad frå reiarlaget overfor lokalavisa.

Klokka 12 tysdag hadde båten berre moderat slagside og var i ferd med å bli skikkeleg tømt.