okt 032013
 

Senterpartiet vil revitalisera organisasjonen etter at kommunestyrerepresentant Lars Knut Aarland ropa varsku i lesarbrevspalta i lokalavisa.

 

Edvard Johannes Stangeland og Lars Knut Aarland trekkjer meir i same retning etter oppklarande møte tidlegare denne veka. teikning: May Linn Clement.

Edvard Johannes Stangeland og Lars Knut Aarland trekkjer meir i same retning etter oppklarande møte tidlegare denne veka. Teikning: May Linn Clement.

Marsteinen erfarer at kommunestyremedlem Lars Knut Aarland langt på veg har grasrøtene i Senterpartiet med seg i kritikken mot varaordførar Edvard Johannes Stangeland. Manglande fokus på partipolitikk og altfor stor lojalitet overfor Framstegspartiet og Helge André Njåstad går att. Fleire kjelder karakteriserer òg varaordføraren som eigenrådig.

– Me står ved eit vegskilje i Senterpartiet. Partiet vårt har vorte prega av det tette tospannet mellom Edvard Johannes Stangeland og ordførar Helge André Njåstad, seier Lars Knut Aarland. Mellom anna har partiet dei siste to åra ikkje hatt eigne strategimøte, men arrangert dette saman med Frp. Dette vert det slutt på etter eit internt møte denne veka.

– Det er bestemt at me skal ha eigne strategimøte før kommunestyremøta. Dessutan har me fått rydda unna mistydingar mellom Edvard Johannes og meg, seier Lars Knut Aarland til lokalavisa. Han meiner at varaordføraren har møtt ynskje om informasjon på ein defensiv måte, noko som har gitt dårleg grobotn for positiv meiningsbrytning.

 

Tek på seg ansvar

Edvard Johannes Stangeland kjenner seg ikkje att i kritikken knytt til dei tette banda til Helge André Njåstad, og at dette har gått på kostnad av partiet.

– Eg har vore med i samarbeidet og heile tida sett senterpartipolitikken fyrst, seier Edvard Johannes Stangeland, og viser til prosjekt som fiskerihamna på Salthella og Bulyst på Møkster som område der han har fått stort gjennomslag.

Likevel innrømmer SP-veteranen at han har slite med å få entusiasme i organisasjonen, og at det har vore vanskeleg å sitja på alle dei sentrale verva i Austevoll Senterparti.

– Det er to år sidan eg bad om avløysing både på leiarvervet og som gruppeleiar, seier Stangeland. I dag tel medlemsmassen i lokalpartiet berre eit dusin, og lokallaget ynskjer å markera seg klarare enn det dei har gjort til no. Mellom anna har dei lyst til å invitera avtroppande olje- og energiminister Ola Borten Moe til årsmøtet sitt, og arbeida for utskifting av den sentrale partileiinga, som mange lokalt synest har gått for langt til venstre på den politiske aksen.

 

Uroa over pleie- og omsorg

Medan fleire i grasrøtene i lokalpartiet synest det er problematisk at Senterpartiet sine representantar i kommunestyret stemde for å konkurranseutsetta pleie- og omsorgssektoren. Sjølv synest Edvard Johannes Stangeland at dei økonomiske argumenta og garantiane om ei betre teneste var sterke grunnar til å stemma for tiltaket. No er likevel både Lars Knut Aarland og Edvard Johannes Stangeland uroa, og gjev melding om at dei vil be om utgreiing for stoda i sektoren i politisk kvarter i kommunestyresalen.

 

Av Trond Hagenes