okt 172013
 

Avtroppande ordførar Helge André Njåstad blir kommunal- og forvaltningskomitéen sin leiar på Stortinget. Ei stor ære, meiner Framstegspartiet sin mann frå Austevoll.

Blir komitéleiar: Helge André Njåstad.

Blir komitéleiar: Helge André Njåstad. Foto: Andrea Øien Sæverud/Npk.

– Dette vert jo på mange måtar superkomitéen på stortinget, som skal sjå nærare både på kommunereform og innvandringspolitikken – område der regjeringa har varsla kursendringar. Å verta komitéen sin leiar er meir enn eg våga håpa på, seier ein audmjuk Njåstad, som ser fram til å ta fatt på arbeidet i komitéen.