okt 242013
 

Heng deg og Gå å dø er meldingar elevar ved Austevoll ungdomsskule har motteke anonymt gjennom Ask.fm. Mobbekomitéen ved skulen ynskjer at alle elevar deaktiverer profilane sine på den mykje omdiskuterte nettstaden.

 

Tiandeklassingane Johanna Malena Nordeide, Isabell Veivåg og Jeanette Heggen ynskjer å få Ask.fm vekk frå Austevoll ungdomsskule.

Tiandeklassingane Johanna Malena Nordeide, Isabell Veivåg og Jeanette Heggen ynskjer å få Ask.fm vekk frå Austevoll ungdomsskule.

I fleire månadar har store media skrive om nettsida Ask.fm, som ved fleire høve er kopla opp til sjølvmord blant unge. På portalen kan ein spørja kvarandre spørsmål heilt anonymt, noko fleire utnyttar negativt til det fullaste.

– Ein vågar å seia ting ein vanlegvis ikkje gjer når ingen kan spora deg opp. Konsekvensane er langt meir alvorlege enn mange trur, seier Johanna Malena Nordeide. Saman med fem andre elevar, derav klasseveninnene Isabell Veivåg og Jeanette Heggen, er ho med i den synlege mobbekomitéen ved skulen. Dei siste vekene har Ask.fm og observasjonar jentene sjølve har gjort på sida, vore eit tema.

Jeanette tek fram ei utskrift frå nettstaden, der sjikane etter sjikane står skrive. Det går på etevanskar og uthenging av foreldre, til direkte oppmoding om at ein person bør henga seg.

– Dette føregår her. På skulen vår.

Den latviske applikasjonen er i utgangspunktet ikkje meint for at folk skal hengast ut, men når dette er eit så enkelt alternativ, har tiandeklassingane berre éi tilråding til medelevane sine:

– Deaktiver profilane dykkar på Ask.fm. Berre då kan denne type mobbing slutta no.

 

Ber foreldra om hjelp

Rektor Tor Grini vart gjennom mobbekomiteen førre veke gjort merksam på at den skjulte kritiseringa gjennom nettportalen har funne vegen til Austevoll ungdomsskule, og skreiv kort tid etter eit brev til foreldra. I brevet gjer han greie for problemet med applikasjonen, og ber foreldra engasjera seg og ta det opp med ungdommane sine. Òg rektor meiner at Ask.fm og liknande program bør deaktiverast frå ungdommane sine telefonar og datamaskinar.

– Ved skulen har me gjort det me kan, vidare er me nesten makteslause. Me har ikkje moglegheit for å fylgja opp kva ungdommane har på telefonane sine. Det er viktig at foreldra kjem på banen straks. Snakk med barna dykkar om haldningar, ber Tor Grini.

Det verste i denne saka, meiner rektoren er at det er mykje dei same elevane som går igjen som offer.

 

Elevar med teieplikt

Det var vore ein eigen mobbekomité ved Austevoll ungdomsskule sidan 2009, og inspirasjonen til denne vart henta frå Blokkhaugen skule i Åsane. Komitéen består av seks synlege elevar, og over 20 usynlege. Dei synelege veit alle elevane kven er, medan dei usynlege har rolla i hemmelegheit. Slik kan dei lettare overvaka situasjonar der mobbing føregår. Dei tek det derimot vidare til komitéen, som kallar inn til samtale med begge partar.

– Målet vårt er å løya saker med dialog, utan å måtta gå vidare til rektor, seier Isabell Veivåg. Ho forsikrar at alle i mobbekomiteen har teieplikt.

– Det er heilt trygt å kontakta oss, me går ikkje vidare med noko.

Rektor Tor Grini rosar årets mobbekomité.

– Dei er ein aktiv gjeng, og eg synest det er veldig kjekt å sjå at dette opplegget fungerer så bra, seier rektoren.

Dei synelege komitémedlemmane dette skuleåret er Elisabeth Eliassen (8. trinn), Markus Oksnes og Hans Magnus Hellesøy (9. trinn) og Jeanette Heggen, Johanna Malena Nordeide og Isabell Veivåg frå 10. trinn.

 

Av May Linn Clement

  One Response to “Fjern nettmobbinga”

  1. Dette er meget trist at det er blitt slik, at mobbingen har nådd ein ny plattform.
    Men at alle «løsningen på problemet», bare er å slette programma trur eg ikkje.
    Dette er klassik eksmpel der ein skyllder på eks, programmer eller spill som er skylidg i å øydelegge personer. Så da er det vell våpen som dreper, og ikkje persoenen som skyter rekner eg med. Man må tenke på følgende sett sjølv om programmene er til ein viss grad anonyme, så er det jo persoene som sender disse meldigene vi må ta takk i.og ikkje berre sei bare deaktiver kontoene. Dette blir bare ein midlertidig løsning, og så dukker det opp ein ny løsning.