okt 282013
 
"Hardhaus" fekk fangsten dei var på leit etter i helga. her kast etter vanleg makrell tidlegare i oktober. Foto: Olav Endre Drønen.

«Hardhaus» fekk fangsten dei var på leit etter i helga. her kast etter vanleg makrell tidlegare i oktober. Foto: Olav Endre Drønen.

140 tonn med hestmakrell var løna for ringnótaren «Hardhaus» som hadde leitt høgt og lågt med asdic og ekkolodd i ni døger.

Han er gullet om hausten, hestmakrellen. Vanskeleg å finna, men når han fyrst dukkar opp, er han nesten rein forteneste i nóta. «Hardhaus» er ein av båtane som har vore på jakt etter den labile makrellarten, og fekk til slutt 140 tonn fordelt på eitt stort og to mindre kast.
– Me fann han i nærleiken av Revet, som er ein tradisjonell hesteplass. Dermed fekk me betalt for tålmodigheita vår. Me låg utpå i ni døger, fortel skipper Ole Inge Møgster om bord til lokalavisa.
«Talbor» rapporterte òg inn hestmakrell. 90 tonn som dei fekk 6,39 per kilo for.

Nót i propellen
Møgster om bord i «Hardhaus» meiner at det er ekstra motivasjon i år leita etter hestmakrellen, som altså ikkje er kvoteavgrensa, i eit år det dei andre fiskeria ikkje har kasta av seg.
– I eit dårlig år generelt for flåten kan eit par-tre millionar i hestmakrell gjera ein forskjell. Det er det ikkje så mange som vil få, men du vil alltid tru at det blir deg, avsluttar skipperen. Til alt overmål fekk fartøyet nóta i propellen, og vert slepa inn til land av kystvakta.
Fangsten skal til auksjon måndag klokka 14.

av Trond Hagenes