okt 292013
 
Rolf Nøstdal ynskjer å prioritera familien og seglinga, og nyttar seg av ei særordning som gjer at han kan gå av med full pensjon som 62-åring. (Arkivfoto)

Rolf Nøstdal ynskjer å prioritera familien og seglinga, og nyttar seg av ei særordning som gjer at han kan gå av med full pensjon som 62-åring. (Arkivfoto)

Etter 14 år som rådmann i Austevoll kommune, seier Rolf Nøstdal (62) opp stillinga si. Han fråtrer stillinga etter at budsjettet for 2014 er banka igjennom i desember.

– Eg har brukt eitt år på å konkludera med at eg vil nytta meg av høvet til å gå av med pensjon som 62-åring. På tross av at eg har trivst veldig godt med saker, tilsette og politikarar, har eg trekt konklusjonen om at eg no ynskjer å nytta tida på barn og barnebarn, kona som bur på Voss, dei gamle foreldra mine heime i Tromsø og komma meg meir i seglbåten – ting som arbeidet som rådmann har spist bort for mykje tid til, seier rådmann Nøstdal til Marsteinen.